Starten på årets golfsesong har vore spesiell.

Endeleg er me i gang med speling, om enn med nokre begrensningar. Dette påverkar også vårens turneringar.

Me følger NGF sine retningslinjer og venter fleire avklaringer dei neste vekene. Det kan bety at det vert færre turneringar enn vanleg før sommaren, men turneringskomiteen er klare så snart det vert gitt klarsignal.

Me legg uansett opp til at Jærmatchen kan starta i mai med tilpasning til gjeldane korona-reglar, og satsar på å opna for påmelding neste veke. Følg med på JGK heimesida og Golfbox.