Stor flokk sette søkelys på mental helse

Kristian Heggås og Imad Ali spelte glimrande golf og vant scrambleturneringa "I lag - ikkje aleina" over 18 hol lørdag. Dei gjekk 12 under par netto og mektige 7 under par brutto.

Men verken konkurransen eller dei mange flotte premiane var viktigast denne dagen. Thomas Nærland og kameratar i Orre IL tromma saman turneringa for å setja søkelys på mental helse for unge og minnast kameraten Tobias Telstø som valde å ta sitt eige liv for eit år sidan.

Ingen av dei 70 ungdommane som spelte og fleire titals som kom for å sjå og kosa seg med mat frå grillen til Elisabeth Olsen, kunne unngå å få med seg bodskapen: Snakk saman - hald deg på lag, ikkje gå åleina med tunge tankar.

Orre IL samt ei rekke lag og organisasjonar frå bygda følgjer opp turneringa med diverse arrangement i dei komande dagane.

Bilde 1: Kristian Hove Heggås og Imad Ali får beviset for at dei har vunne turneringa av primus motor, Thomas Nærland

Bilde 2: Elisabeth Olsen leverte populær grillmat under paraplyen.

-Egil Nærland

Neste
Neste

Yngstemann i medlemsflokken vår!