Stavanger- og Sola- juniorar best på Grødai

Sola- og Stavanger-juniorane gjorde reint bord i samtlege bruttoklasser då Olyo Touren landa på Jæren Golfklubb sundag.

Best av alle var Marcus J. Myre som gjekk 68 (to under par) i G16-19-klassen. Jeppe Skrettingland og Martin Broberg sørga for at Sola Golfklubb tok dei tre øverste plassane i klassen, medan ein påskrudd Truls Haugland var nærast Sola-duoen med sin 74-runde.
63 netto såg lenge ut til å sikra sigeren i nettoklassen, men ein flott back nine frå JGK-golferen Simen Mehus (62 slag netto) gjorde at Haugland måtte ta til takke med andreplassen.

Det var dessverre ingen lokale deltakarar i jenteklassane. Ella Ingebretsen frå Stavanger GK gjekk to over banens par og vann bruttoklassen for dei eldste jentene. Sola-jenta Vilja Vintervold tok seg av J13-15-klassen med ein flott 79-runde.

I G13-15 måtte to spelarar ut i omspel for å avgjere. Einar Kjetilstad frå Stavanger GK gjorde par på det nittande holet og slo med det Benjamin Leary. Begge gjekk banen på 73 slag. Oscar Sundvor frå Sola GK hadde beste netto med 67 slag.

Banen var i kjempestand til den siste turneringa i mai, men veret spelte bare sånn halvvegs på lag. Dei yngste klassane måtte tåle mykje regn dei siste timane.

Takk til gode foreldre som sørga for god grillmat til svoltne golfarar!

Takk også til alle frivillige som bidrog med kjempegod hjelp denne dagen :)

Resultatlista finn du HER!

Forrige
Forrige

Golf Sommerskole!

Neste
Neste

Takk for en fantastisk gave - Sparebanken Norge