Årets 3-køllers turnering vart arrangert på Grødai lørdag 9 mai.

I flotte forhold og på ein god bane stilte heile 40 spelarar opp, alle med kun 3 køller i baggen. Sjølv med litt varierande resultat trur me at alle koste seg på golfbanen denne dagen.

På grunn av korona reglar hadde me tidsstart og inga samling med premiering etter at alle var i mål, så den sosiale delen vart litt redusert. Men premiar vert det likevel. Gavekort på 600/350/150 kr for første, andre og tredje plass tildeles fylgjande spelarar

Damer – 1 pr Ingrid Odland, 2 pr Regina Mockiene, og 3 pr Åse Bente Wærsland

Herrer – 1 pr Jostein Undheim, 2 pr Martin Øvestad, og 3 pr Nils Bakker  

Premie-vinnarane kan henta gavekorta i proshop. Me gratulerer premie-vinnarane og takkar alle deltakarane for innsatsen og for god disiplin ift koronareglane.

Sjå heile resultatlista her!