Årets klubbmeisterskapet i putting vart arrangert på Grødai sundag 6 september. Som vanleg var det god deltakelse, med over 50 påmeldte spelarar. Veret var ikkje heilt ideelt for putting denne helga.

Mykje regn siste døgn hadde gjort greenane blaute, og flagplassering og putte-linja måtte veljast med omhug for å få brukbare forhold. Greenane var ellers heilt topp slik dei har vore i år. I lederballen vart det svært jamt og spenning heilt til siste slutt.

Til slutt var det Arild Rosseland som var stødigast med putteren og vant med imponerande 67 slag (5 under par). Dette er tredje året på rad Arild stikk av med sigeren, så her må det trenast putting folkens. Premie-vinnarar var

1. Aril Rossenland  67 slag

2. Jan Vingen        69 slag

3. Ronny Ponni Einarsen 71 slag

Me gratulerer vinnarane og takker alle spelarane for sporty innstilling i eit litt ruskete ver.