Klubbmeisterskapen
Av Carl Aasland Jerstad, Jæren Golfklubb
Så gildt å få spela i klubbmeisterskapen
Sjå kor dei flinke handterar køllereiskapen
Det er så mykje å læra om ein vil ta æra
Og pokalen ut døra på Grødem bera!
Bjørg med drivesving så mjuk som dei heilt få
Hanne Lise med slag og ytre som er eit syn å sjå på
Njård, Obersten og BK frå Nerland
Alle med spel som den proffaste golfmann!
Til Bjørg, Hanne Lise, Njård, Obersten og BK
Solide prestasjonar og ballkunst på høgt nivå
Men om du held fram og trener jamt og trutt
Kanskje neste år du vil få høyra sigerssalutt