Årets flagturnering vart arrangert laurdag 26 september på Grødai.
45 deltakarar stilte opp i solskinet. Sjølv etter ei veke med særs mykje regn var banen i topp stand. Så med fjåge spelarar, fint ver og gode speleforhold vart det ein fin dag på golfbanen med mykje flott spel.
I dameklassen vart flaga som avgjorde pallplassene sette på hol 18. I herreklassen måtte dei tre beste ut på hol 19 for å avgjera plasseringane og setja flaga.
Dei tre beste i kvar klasse som vann gavekort i proshop vart:
Damer
1) Torhild Øgård
2) Regina Mockiene
3) Berit Pollestad Sele
Menn
1) Trond Efjestad
2) Arild Rosseland
3) Per Einar Kristiansen
Gratulerer så mykje til alle!