Lasse og Hanne Lise er årets klubbmeistrar
Lasse Eggja og Hanne Lise Hagman er invitert til å utfordra klubbmestrar over heile landet på Miklagard etter at duoen sikra seg tittelen i høvesvis herre- og kvinneklassen.
Dei vant ikkje utan konkurranse på Grødais ypparlege grøne gras, tvert om. Etter 18 hol første dag toppa Rita Undheim med tre slags leiing, søndag ettermiddag, etter 18 nye hol, snudde Hanne Lise til seier med to slags margin.
Duellen mellom Lasse Eggja og Martin Øvestad, fjorårsvinnaren, var endå skarpare. Martin leia etter første dag. Først på hol 36 avgjorde Lasse med eitt slags margin. Dei gjekk 9 og 10 slag over par. Særs bra i til dels sterk vind.
Mest like jamt var det i juniorklassen, den suverent største med heile 30 spelarar. Bo Berge tok teten etter første dag, vart pressa heile søndagen, men haldt skallen kald og vann med to slags margin føre August Stakkestad og Elias Høyland Joranger. Gutane gjekk 9 og 11 over par, her er talent i massevis, også mellom mange av dei som kjem etter.
Regina Mockiene vann senior kvinner utan konkurranse, medan Berit Pollestad Sele var klart best i klasse eldre senior kvinner. Her var fire med som i kvinneklassen, totalt 9 kvinner, null junior jenter, det me få retta på.
Dei to eldste klassane, senior menn og eldre senior menn, er det meir gang på. 18 i klasse senior menn der Roger Lode imponerte og var best frå start til mål. Atle Opstad kom på ein trygg andreplass, medan “bursdagsbarnet” Geir Undheim spelte seg heilt fram til tredjeplass etter sterk innsats søndag.
I eldste klasse duellerte Gaute Sivertsen og Gunnar Vestly, eldstemann, Gaute, forsvarte tittelen etter han vann også i 2025.
Det høyrer med til historien junioren Linus Bjelland Haugland fekk “hole in one” på holo sju laurdag. Det har aldri tidlegare skjedd under ein klubbmeisterskap ifylgje dei som hugsar langt tilbake.
Med starttider i to puljer begge dagar flaut turneringa så godt som utan unødvendige pauser, heldigvis var det mogleg å ta 10-15 minutt mellom rundane slik at folk fekk nyta Anlaug Njærheim sin nydelege lapskaus. Stor takk til Anlaug.
Takk også til Gunnar Undheim Stangeland og Martin Øvestad tok tak under avviklinga, og takk mannskap som presenterte banen på sitt aller beste, så får det heller vera at noen store kryss på greenane forvirra litt. Det vart neppe avgjerande…
Alle resultater finner du i Golfbox HER!