Sundag 9 august arrangerte JGK den tradisjonsrike 3-klubb turneringa med Ogna og Egersund. Turneringa er for alle som er medlem i 3-klubb samarbeidet, og arrangeres på rundgang mellom klubbane. Medlemskap gjer rett til ubegrensa spel på dei tre banane i eit år, og altså ei årleg turnering.

I eit strålande ver spelte 36 deltakarar frå dei 3 klubbane om flotte premiar, og ein del prestisje. Etter turneringa koste med oss i sola med kaffi og kaker.

I dameklassen gjekk seieren til Berit Pollestad Sele, medan Ogna stakk av med andre og tredjeplassene med Anne Lise Kolnes Hope og Lovise Håland. I herreklassen gjekk sigeren til Glenn Åge Olsen frå Ogna, med Arnt Ivar Fremstad og Atle Opstad på gode andre og tredje plasser. Av andre innlagde konkurransar gjekk premiar til Solfrid Grødem, Anne Lise Kolnes Hope, Kristen Bjørheim og Atle Opstad frå Jæren, i tillegg til ei rekkje med ‘doorprices’. 

Trur at alle hadde ein super dag på ein fantastisk flott bane.