Mareritt på Grødem golfbane

Dikt av Carl Aasland Jerstad, Jæren Golf Klubb

 

Eg ville ha brunlet på kroppen,
men samstundes vera kald i toppen.
Difor pique, shorts og caps,
samt køller og ein liten schnaps!

Veret var flott og spelet var godt,
birdie-dram på hol ein var heilt rått!
Det var den fine dagen,
men kva var det som rumla i magen?

Eg stogga med spelet og kjende etter,
det presser på og du som eg svetter!
Anda djupt no, prøv og slapp av,
du lyt ikkje gjera det minste kav!

Pausen gjorde meg vel,
eg heldt fram med mitt gode spel.
Men så kom knipen atter ein gong,
nei, det var slett ikkje det eg trong!

Eg vart fyrst raud og så kvit,
og du som her luktar drit!
Inn i skogen eg forsvann,
reingjorde med gras, kvist og hand!

Det vart ikkje heilt reint til sist,
det heile var berre veldig trist.
Brunlet berre der han ikkje skulle vera,
opplevinga var mest ikkje til å bera!

Eg kom meg heim og vaska og gnikka,
men brunleten var ikkje til å rikka!
Merka for livet, så pinleg og flaut,
kjenner meg som eit komplett naut!

Men, no er her ei herleg lukt,
av kaffi, speilegg og fersk, fin frukt.
Eg vaknar og er letta og glad,
stundom er røynda ein framifrå stad!

Legg igjen en kommentar