Gamle gubbar og spreke chicks!

Carl Aasland Jerstad, Jæren Golfklubb

Det er lenge til eg vert gamal gubbe. Diverre enno meir enn 5 år. Men, eg kan gle meg og eg vil halda ut; i ein alder av 55 år kan eg sjå fram til å verta kalla senior med rett til å delta i seniorarrangement!

Der har dei det frykteleg gildt forstår eg på Tor. Eg trur Tor på det, fordi eg veit at ved slike arrangement kan eg gle meg til å treffa inntil 5 år yngre og spreke damer (reine senoritas!) då dei slepp til i seniorgruppa allereie som 50 åringar!

Flott for meg, flott for Tor og flott for alle dei andre gubbane eg går rundt med på golfbanen til dagleg (nokre av dei er endatil utan hår!) – tenk å få vera med og menga seg med spreke chicks og i ein slik alder få lov til å syna fram kølla si og korleis ein handterer den!

Men, kva med damene, eller senoritaschicksa? Er dei like glade for å få retten til å menga seg med minst 5 år eldre senors? Kan henda dei synest det er spannande å treffa så gamle menn og handtera køllene saman med dei? Kan henda dei synest det er som å få lov til å gå på vaksen film sjølv om ein berre er born, eller eta snop på ein kvardag?

Vel, kanskje er det ikkje slik? Kan henda senoritaschicksa på 50 + heller ser føre seg gleda med å få utfalda seg saman med ungsenorane under 55 år? Kanskje dei heller ville snu litt på kriteria, kva med om mennene framleis fekk retten til seniorgruppa når dei som no vert 55, medan senoritaschiksa må vera 60 + før dei kvalifiserer til seniornivå?

I likestillinga si tid kan eg godt sjå føre meg eit slikt krav, og ikkje minst vert chiksa nær 5 år eldre enn senorane i snittalder, seniorgruppa ville slik sett ha vorte meir homogen.

Men, enn så lenge ser eg fram til å verta gamal gubbe med rett til å menga meg med spreke chicks!!!

Legg igjen en kommentar