Det åttande underet veks fram på Grødem i desse dagar!
Av Carl Aasland Jerstad, Jæren Golf Klubb

For dei som tok seg ein runde på Grødem for ein månad sidan kunne ein stilla spørsmålet om greenane i det heile teke ville verta spelbare i løpet av sesongen. Det var holer, humpar og graslause felt som dominerte greenane og puttinga var like usikker som isen på Frøylandsvatnet plar vera midt i mai.

Skulle ein setja putten var ein avhengig av hjelp i frå øvste skiktet; truleg av same mannen som til no er den einaste som er kjend for å kunna gå på vatnet – sjølvaste Jesus (om han endåtil kunne ha gått over isen på Frøylandsvatnet midt i mai utan å verta blaut på føtene veit eg ikkje).

Om dei green-ansvarlege på Grødem har hatt hjelp av sonen åt Herren eller har klart seg heilt utan dette, står med likevel overfor det åttande underet; greenane er no i ein stand som ein ikkje skulle tru var mogeleg berre for kort tid sidan!!! Og endå betre vil dei nok bli med noko sol og varme!

Ein stor takk til dykk alle som har hatt imponerande grøne fingrar i greenane på Grødem!!!