Då golfen tok meg

Dikt av Carl Aasland Jerstad, Jæren Golfklubb

Kva har eg gjort i alle år?
Det er mest så eg ikkje forstår.
Fotball, sykling og tredemølle.
Kvifor ikkje før; golfball og kølle?

Pesa og pusta til låra vert stive.
Nei, det er ikkje det som er livet!
Få hanske på og kølle i handa.
Sjå då blir livet eit ganske anna!

På lette sko med spikes under sola.
Eg sender ballen rett i mot hola.
Tee, fairway, bunker og green.
Like kjære som den finaste vin!

Er der framgang å spora?
Birdie og par er scora!
Handicap på veg mot null!
Golf er neimen ikkje noko tull!